Idag har vore ein roleg dag her i huset, utan dei heilt store sprella… Heilt til klokka var 11 i allefall. Det var omtrent då me fann det for godt å stå opp, berre for å oppdaga at brød var ramla av handlelista. Då var det berre å ta eit djupdykk i arkivet å fiska opp nokre rundstykker me kunne ha til frukost. Og sidan det er pinse, og butikkane er like stengde i morgon som dei var idag, var det berre å hiva seg rundt å setja ein deig. Eller to :)
Resultatet av det vart kjempegode “stjernestykker” som me åt til lunch, og havrebrød som me ikkje har fått smakt på endå. Dei får nok venta til frukosten i morgon, men dei lukta godt då dei kom ut av omnen, og dei ser slettes ikkje verst ut heller, så eg satsar på at dei smakar godt og.
Oppskrift på stjernestykkene er henta frå boka Elsker Deig av Marit Røttingsnes Westlie. Den har oppskrifter på massevis av kjempegode brød og rundstykker, og til no har alt eg har laga med oppskrift frå denne boka levd opp til forventninga.
Havrebrødet er henta frå boka Brød som er ei samling av oppskrifter frå Åpent bakeri, som er eit lite bakeri i Oslo, som visstnok skal ha dei beste bakervarene ein kan få tak i i hovudstaden. Dei driv med “gamaldags” baking, og gjev gode råd for korleis ein skal lykkast med brødbaksten heime.
Begge desse bøkene kan eg anbefala på det sterkaste!
Etter baksten var ferdig fekk me med oss våre gode naboar, Elin, Odd Halvor, Marit og Ingvild, ut på ein liten holmetur i det fine veret. Sola glimta til med sit blide åsyn opptil fleire gonger iløpet av kvelden, så me hadde det riktig så triveleg.
Me grilla pølser på bål i heimalaga pølsebrød, åt skillingsbollar og drakk kaffi og te. Det einaste som manglar no er at temperaturen stig opp til eit skapeleg sommarnivå, slik at me kan få mange fine dagar og kveldar i dei mange fine vikane her på Vabø, og at me tilogmed kan få tatt oss eit bad i sjøen i år!
Like etter me kom heim fekk me ein kveldsvisitt av Onkel John og Tante Edit, som hadde med seg orienteringskart over området her. Eg har vore og spurt etter det, slik at eg lettare skal kunna finna vegen gjennom skogen til Holmås. For med den retningssansen eg er utstyrt med, kan det vera greit å ha eit lite kart i bakhand, ellers er det ikkje godt å seie kvar eg endar opp! Litt usikker på kortid det vert lagd ut på ein slik skogstur, men eg får satsa på at eg får det til i løpet av sommaren. I allefall før snøen kjem ;)
No er det snart leggetid her i huset, god natt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar