That’s what’s for dinner today!!
Du treng:
| spaghetti |
| bacon |
| eggeplommer |
| fløyte |
| persille |
| ost |
| pepper |
| salt |
| pepper |
Ein real man-tager-hva-man-haver middag/kvelds i ein fei!
Oppskrifta er enkel
1: Kok spaghetti, eg brukte fullkornsspaghetti og det smakte like godt som vanleg spaghetti
2: Steik bacon i små terningar til dei har den rette sprøhetsgraden, eg likar dei forholdsvis godt kremerte, medan andre berre vil at grisen skal spasera gjennom kjøkkenet
3: Rasp litt ost. Det er her Mac’n cheese kjem inn i biletet. Det skal jo vera parmesan i carbonara, men sidan Norvegia er den mest eksotiske osten me har i hus, så vert det nettopp det som hamnar i gryta
4: Gå ut i hagen og plukk litt persille, vask den godt, og finhakk den. Det er persillen som utgjer skruen i retten :)
5: Bland så saman 2 eggeplommer, persille og ca 1dl fløyte. Dette gjorde eg litt på slump, det er berre å lage så mykje ein vil utifrå om ein likar mykje eller lite saus. Smak til med salt, pepper, og kvitlaukspulver.
Sil spaghettien og ha den tilbake i panna. Rør inn osten til den smeltar. Slå eggeblandinga over spaghettien og rør godt. No er det ikkje meininga at plata skal stå på, for det er ikkje eggerøre med spaghetti me er ute etter. Tøm over baconet og server :)
Har aldri laga carbonara før, men eg må seie meg særs nøgd med resultatet. Skal faktisk vurdera å kjøpe inn litt parmesan til nestegang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar