Søk i denne bloggen

lørdag 18. juni 2011

Heimalaga vekeplan

Eg dumpa over denne stilige vekeplanleggjaren på ein eller anna blogg for ei tid tilbake, og fekk såklart kjempelyst på den.. Heilt til eg oppdaga at den var tilsalgs for den nette sum av 2600,- for den minste utgaven på 50x50cm. Synest det var litt i overkant mykje å bruke på ei tavle, så no har eg laga meg min eigen versjon. Såklart ikkje like fancy som den ein får kjøpt på ukeplan.no, men den gjer nytten :)
IMG_4086
Eg tok rettogslett ei stor bilderamme, kjøpte eit stort, kvitt plakatark, printa ut nokre bilete, vekedagane, samt Husk! og Handleliste. Dette tapa eg på plakaten med dobbeltsidig tape, og satte plakaten inn i rama. Voila!! Enkel og billeg vekeplan som kan skrivast på med whiteboard tusj.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar