Laurdag sydde eg MeiTai til snuppa!
Den sydde eg i same stoffet som stelleveska, og selane og innsida i lyserosa. Synest ikkje den vart så aller verst, og planen er å ta den ibruk tidleg slik at snuppa vert vand med å bli boren rundt i ein slik sele. Fordelen med ein MeiTai framfor andre “moderne” selar, t.d BabyBjörn, er at i MeiTaien kjem ungen mykje nærare kroppen, og ein får dermed ikkje like stor endring i tyngdepunktet når ein skal bera. Ein kan bera ungen både på magen og på ryggen, men når det berre er ein liten baby som skal sitje oppi er det på magen i froskepositur som er måten å bera på.
Biletet er lånt frå forumet tettinntil, her finn ein og instruksjonar til korleis ein kan knyte MeiTaien på ulike måtar, til dømes slik som på biletet.
Eg gler meg til å prøva den!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar