Søk i denne bloggen

torsdag 16. juni 2011

Salat i hagen og ailiens i frysen…

Endeleg har det vore eit lite snev av godvèr, og det syns i åkeren i allefall.

IMG_4051  IMG_4050

Både potetene og ikkje minst salaten hr tatt heilt av dei siste dagane, så no er det ikkje lenge før me må setja opp skilt i innkjørsla om salat til salgs. Tilveksten er ein god del større enn me kan klara å fortæra, så noko lurt må me finna på.

I går kveld tok me oss ein liten rusletur bort i nabolaget, på jakt etter mannen som det ryktast sel sjøkreps. Me traff blink på første forsøk, og gjekk forventningsfulle heim med ein stor pose med “ailiens”

IMG_4060 IMG_4059

Dei ser ikkje verre ut enn at dei kunne vore frå ein anna planet, men så lenge eg snudde hovudet deira vekk, slik at dei ikkje stirra så intenst på meg medan eg åt, så var dei altså riktig velsmakande! No var det berre ein smaksprøve me hadde til kvelds, for krepsen skal tinast langsamt i kjøleskap for at den skal bli best mogleg. Men me hadde jo knapt sett ein kreps før, og langt mindre smakt på dei, så då vart freistinga for stor til at me kunne leggja alle på plass i fryseboksen.

Dei vart altså ete på same måte som reker, med majones, sitron, brød og salat. :)

Idag har me endeleg fått pussa ferdig vogga, så no er den beisa og kome på plass i stova.

 IMG_4063 IMG_4076

Etter mi meining vart ikkje resultatet vart så aller verst, og eg synest igrunn at den passa fint inn ilag med dei andre grå tinga i stova. Får satsa på at ikkje Tiger er like nøgd med den som eg er :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar