Søk i denne bloggen

tirsdag 7. juni 2011

Grillfest og nattestrikk…

Denne helga har me vore på Osterøy for å feira 91+2års dag. Hamre Bestå vart 91år og Ole Martin vart 2 år på Søndag den 5.Juni. Begge dagane vart feira ilag, med grillfest på terassen hjå Gunn og Trond på Hamre. Det var mange gjestar og super stemning i det fantastisk fine véret som tilfeldigvis dukka opp ut av ingenting. Heilt utruleg med tanke på sipe-veret som har vore, i dagane både før og etter besøket.
 IMG_3891                                                                                                                                                                                                                
IMG_3906 IMG_3905 

IMG_3899



Som bileta viser, var det ein heilt fantastisk dag. Flagget var heist til tops for jubilantane, kakebordet var fantastisk, og “ungane” koste seg i sandkassen.


Dagen etter var me heilt utslitte etter ein overdose sol, så dagen gjekk stort sett med på sofaen for å pleia flonso. Det hjalp no litt, så utpå dagen vart det rørt i saman ei “stakkars meg” sjokoladekake, og sidan me hadde sove så mykje på dagen vart det ein sein grillmiddag i gråvéret.
IMG_3917
   IMG_3913  
  





IMG_3910IMG_3909

Frode var som vanleg grillkongen, og denne gongen var det scampi og grønnsaker på spyd, maiskolbe, grilla tomat og potetsalat som stod på menyen. Me hadde på terassevarmaren til mamma, så sjølv om det berre var 12-13 grader var det godt og varmt der me sat. Då me var ferdige å eta, vart naboar på sneglejakt tiltrekt av det romantiske, rosa lyset som terassevarmaren avga, så Elin og Marit kom og drakk ein kopp te med oss. Kjempekoseleg å kunne sitte ute om kvelden å berre prata og nyta livet :)


Dei siste dagane har eg vorte ferdig med to strikkeprosjekt.  IMG_3928

Kjøreposen som eg har holdt på med ei stund er no ferdig, men eg er litt usikker på om eg kanskje må strikke hetta ein gong til. Eg oppfatta ikkje før eg var ferdig med den at eg hadde gjort litt feil, så det er mogleg at halsopninga er litt trong. Eg må nok finne meg ei dokke å prøve den på, og så får eg heller ta den oppigjen om den ikkje passar.


 IMG_3924

Denne hua har fått namnet “natthua” sidan den vart laga ei søvnlaus natt på sofaen på Dale. Ikkje heilt sessong for huer, men eg måtte ha noko enkelt å strikka slik at eg fekk timane til å gå.

No har eg bestemt meg for at i morgon er siste dagen eg orkar å vera sjuk. No er eg så lei av hosting og snufsing at eg rett og slett seier meg ferdig i morgon…..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar