Søk i denne bloggen

fredag 10. juni 2011

New energy!!

Endeleg er formen betre, så etter ei god natts søvn har energinivået verkeleg tatt seg opp. Idag har vaskemaskina gått i ett, så no nærmar det seg botnen på haugen som har hopa seg opp medan eg har vore sjuk.
Frode har ikkje vore i noko strøk idag, så eg har hatt god tid til å kosa meg på syrommet, og eg har faktisk fått sydd, ikkje mindre enn, to ting!

Det første eg fekk gjort idag, var å sy nytt trekk til ammeputa eg fekk hjå Torhild. Den gjekk frå Ole Brum til  rosa blomar på eit blunk.
Det er og første gongen eg har sydd i eit glidelås utan steg-for-steg instruksjonar på PC'en, så eg må seia meg ganske nøgd med resultatet :)
 
 

Etter lunch, som bestod av appelsinpannekaker med heimasnekra blåbærsyltetøy, sydde eg ein rosa sengekant til den fine, runde senga til Snuppa. Ville ha den einsfarga slik at det ikkje vart så vanskeleg med mønster- og fargekrasj når ein skal kjøpa sengetøy. Synest det er lite utvalg i utgangspunktet, så det er best å ikkje produsera fleire begrensingar.

Appelsinpannekaker er forresten ein kjempegod vri på pannekaker, som i og for seg er himla godt i utgangspunktet, og det er så lett å laga! Eg berre tilset skalet og safta av ei appelsin, og ein ekstra dasj med appelsinjuice. Ellers er røra heilt lik som vanlige pannekaker :)

Til ein forandring så hadde me hugsa å ta opp fisk, slik at idag vart det heimalaga fiskepinnar til middag. Det er så utruleg mykje betre enn kjøpe-pinnar, og det tek ikkje allverdens mykje lenger tid å laga det heller.

IMG_3937 Idag var det ein liten lyr som hadde funne vegen ut av fryseboksen, og den vart skjert i passe fiskepinne-bitar. Paneringa lagar eg av grovbrød som eg kjører i foodprofessoren, og idag hadde eg oppi litt heimadyrka persille, graslauk og litt raspa ost.

Så er det berre å kjøra på som vanleg, venda fiskepinnane i mjøl med salt og pepper, dyppa dei i egg, for så å pakka dei inn i den gode paneringen. Steik dei kjapt på steikepanna, og server dei med t.d poteter grønnsaker og holandaise saus.

IMG_3948Her er fiskepinnane klare til steiking,  



      



                              IMG_3953
og her er dei ferdig steikte, ilag med dagens tilbehør.
Det var verkeleg kjempe godt!







No er det om å finna på noko gøy å gjera medan Brann spelar kamp. Ikkje akkurat det eg bryr meg mest om, så eg trekjer meg heller vekk frå TV’n. Kanskje finn eg noko meir eg kan sy. Det manglar iallefall ikkje på kreative folk ute i den store bloggarverda, så eg får leita litt der :)
God pinsehelg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar