Søk i denne bloggen

mandag 20. juni 2011

Himmel i bolleform!!

Idag har eg laga nokre bollar som eg trur må vera himmelen i bolleform!!! Inspirasjon til desse har eg henta her, på bloggen alltidsulten.com

Hyperaktiv deig

Eg brukte min egen deig, som i bunn og grunn er ganske lik den deigen som vert brukt i oppskrifta på alltidsulten.com. Åse og Anne-Linn kom innom ein tur før dei skulle på avslutning for 10.klassen på Lindås, så då vart deigen gløymd ei aldri så lita stund. Då vart den sjåande slik ut!! Eg gløymde og å ta bilete av Anne-Linn på hennar siste dag som 10.klassing, men de får ta meg på ordet når eg seier at både mor og dotter var kjempefine, pønta og klare for fest!!

Tilbake til bollane, så kutta eg ut nonstop etter sterke oppfordringar frå Frode, og hadde smelta dronningsjokolade og hakka kvit sjokolade i snurrane istaden.

Sjokoladesnurrar

Og ja! Dei smakte like godt som dei ser ut… Namme nam!!!

I formiddag var eg ein liten tur hjå min gode ven i nøden, kiropraktoren. Og han knakk opp min vonde rygg på null komma svisj. Er alltid like kjekt å ta turen innom der når ryggen slår seg vrang. Men eg må vel seie at Eli tok ein stor del av jobben med å fikse ryggen min, for det var Søndagen eg verkeleg var invalid. Då stilte Eli støttande opp på kort varsel ein tidleg søndags morgon, og masserte den stakkars nakken og ryggen min. Eg fekk streng beskjed hjå fysioterapauten om at eg måtte slutta med å trena på å fly, for all vingemusklaturen min var heilt knytt. Antakeleg er det noko eg driv med i søvne…

Har forresten endeleg fått summa meg til å sy gardiner til TV-stova. Har hatt dei liggjande i ikkje mindre enn eit halvt år!!

Gardiner i TV-stova

Det er i allefall heilt sikkert at det ikkje er lett å leggje opp gardiner, eller sy generelt, i så super tynt stoff som desse gardinene er laga av. Redninga vart rullefald, ikkje heilt likt som frå butikken, men det vart ganske bra. Så dess meir eg bruker overlock maskina mi, dess meir nøgd vert eg med avgjerda om å kjøpa to litt rimelegar maskiner enn ei dyr, vanleg symaskin.

Var ein tur innom stoff og stil idag og plukka som vanleg med meg både det eine og det andre, så no får eg tråla internettet etter gode idéar til noko gøy eg kan sy :)

1 kommentar:

  1. Dei bollane dar såg ut som dei var verd å skeie ut for...

    SvarSlett