Jammen meg var det ikkje min tur til å bli sjuk… Igjen!! Eg var igrunn ikkje heilt ferdig med hostinga etter sist runde, og så har eg fått akkurat det same ein gong til. Får satsa på at denne bya ikkje sit like godt i som sist.
Dei siste dagane har då gått med til hosteanfall og masse te med honning. Og eg gløymde nesten isbitar!! Eg hadde nok ikkje overlevd uten den fantastiske isbitmaskina i kjøleskapet. Det ser ut til at konstant knasking på isbitar er det einaste som hjelper når termostaten vrir seg mot overoppheta, og hostekulene set inn for fult…
Men litt anna har eg då fått gjort, i dei litt betre periodane midt på dagen :)
På Tirsdag passa me Viktoria medan mor og far var på jobb, og eg kan ikkje seie at me merka mykje til det. Ho kom klokka halv 9, åt frukost med oss, og la seg velvillig til å sova då klokka vart kvart over 10. Ho låg og sov, som den prinsessa ho er, heilt til klokka var passert halv 1. Ho var nok utslitt etter all leikinga med onkel Frode!
Om ettermiddagen laga me skillingsbollar, eller “sjethusvegga” som det heiter her i huset. Frode er den ubestridte kanelansvarlege, og tok på seg den viktige oppgåva med å syta for at alle svingane hadde tilstrekkeleg med kanel!

Bollane så gode ut, smakte godt, og den kanelansvarlege va godt nøgd med eigen innsats.
Eg må igrunn ta Frode på ordet for at bollane smakte godt, for akkurat denne dagen hadde eg absolutt ingen lukte- eller smakssans.
Om kvelden fekk Ingvild vera med Frode på ein tur med den nye motorsykkelen, og etter smila å døme trur eg nok dei synest det var ganske kjekt begge to
Onsdag var ein heller slapp dag, der Findus stod for mesteparten av matlaginga, Frode måtte handla, og eg for det meste satt på ein stol, og klarte etter langt om lenge å produsere dette eine kortet. Det bugnar ikkje akkurat av gode idéar og skaparevne, men det var no kjekt å ha tid til å pusla litt med papir, for det er ei stund sidan sist no.
Idag var formen litt betre på morgonen, så eg satte likegodt igang med å laga ein liten deig som vart til horn med ost og skinke inni, pluss nokre rundstykker utforma på ein måte som Frode kan hugsa at han fekk då han var liten. Dei vart ikkje så verst dei heller, vis ein ser vekk ifrå at ein del av dei “velta” litt under hevinga. No er eg i allefall igong med å fylla fryseboksen slik at eg har noko å by på om det skulle koma ein og annan besøkande innom.
Til middag vart det raspekaker,
og til kaffi fekk me besøk av Åse, Pappa, Elias og Ingelina. Dei hadde med seg fine klutar som mamma har kjøpt til snuppa, og me koste oss med sjethusveggar, is, kjeks, kaffi og te.
Mamma var ikkje med, for ho fann ut igår kveld at ho ville reisa østover i bursdagsbesøk til Mathias som vert 1år idag.
Vil tru at Torhild og Trond vert overraska når Tante Jenny må reisa frå besøket (for å henta mamma, sidan ho er den einaste som veit om at ho kjem) for så å koma tilbake like etterpå. Dei vert nok litt forfjamsa før det går opp for dei kva som går føre seg :)
No nærmar det seg leggetid, og imorgon er ein ny dag med nye moglegheiter. Kanskje er formen betre? kanskje er himmelen blå? eg kryssar vertfall fingrane for begge deler!