No når det har vore så fint ver så lenge, er det ikkje så unaturleg at mesteparten av tida har gått med ute i hagen. Det er mykje som skal gjerast no på våren slik at sommaren vert full av blomar. Og salat :)
Me har nemleg laga ein plantekasse der me skal ha litt salat, gulrøtter, diverse urter og faktisk eit forsøk på å dyrka sjarlottløk.

Slik såg den ut for to dagar sidan, men igår hadde dei endeleg fått inn jord i Kjevikdalen, slik at no er kassen full av god kompostjord, og både gulrøtter og sjarlottløk er komen i jorda.

Her står salaten til groing, og skal få koma bort i den store kassen over helga. Årsaka til at me plantar i kassar er at vår "gode ven" brunsneglen er lettare å oppdaga på veg opp i ein kasse en kva den er i åkeren. Brunsneglen trivs godt her på Vabø den og, og tidlegare erfaring viser at den i tillegg er glad i salat.
Me held og på med ein liten åker der me skal planta poteter, meir gulrøtter og kanskje litt reddik og sukkererter?

Den er ikkje heilt klar til planting endå, men ting tar litt tid! Spesielt no når mannen min har vore sjuk i 2veker (heldigvis på betringens veg), og no har eg vore sjuk i 5 dagar, og det har foreløpig ikkje vorte betre... Heller verre :( Så eg har igrunn ikkje tatt del i dei store aktivitetane ute i hagen, men eg har henta drikke og komt med muntre tilrop ;)
Eg må seie at eg gler meg til å kunne gå rett utanfor huset etter salat til all den gode grillmaten me skal lag i sommar. Eg er optimistisk, og satsar på at desse vekene me har hatt med "ein smak av sommar" berre er starten på det me har i vente..
Me får sjå til hausten att om optimisme og positive tankar har ført med seg ein fantastisk sommar!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar