Var i knarvik og kjøpte garn til ein kjøre/vinterpose til snuppa. Litt av eit prosjekt igrunn, for mønsteret er henta frå boka Wacky Baby knits, og som tittelen impliserer, så er alt på engelsk. Det betyr at resultatet kan bli så som så.. Men eg får gjera eit forsøk.
Dette er posen som eg skal strikka, men eg har kjøpt ein knall rosa tråd istadenfor den raude. Satsar på det vert fint :)
Ellers var eg i Åsane og skaffa ny madrass til den fine Stokke senga som snuppa skal sova i. Så idag har me ommøblert litt slik at kontoret har fått dobbelseng, og det som skal bli barnerom har fått ei enkeltseng pluss at me har montert senga til snuppa slik at den er klar. No ventar eg berre på at sengetøyet skal tørka slik at alt vert ferdig.
Me syns det vart kjempe bra med den fine senga me kjøpte på FINN.no. Etter litt pussing og eit strøk lakk ser ho ut som ho er ny :)
Vogna står og klar, så no har me det meste i boks! Den kjøpte me og på FINN.no. Er overraska over kor mykje utstyr som ligg tilsalgs der, og kor mykje av det som er nett som nytt.
Var og ein tur på Stoff og Stil og kjøpte stoff til stelleveske og meitai. Oppskrifta har eg funne HER,
Og dette vart stoffet. Var ikkje så lett å finne eit egna stoff, for eg har jo aldri sydd ei stelleveske før, så eg veit ikkje kva som passar best. Men eg prøver med dette :) Har skjert ut alle delane idag, så får me sjå om eg får sydd litt i morgon. Det mørke stoffet skal vera utsida, og det lyse skal vera fòr
Kjøpte og voksduk til hagebordet og til kjøkkenbordet på Stoff og stil. Må seie at her er det pengar å spare pluss at utvalget er mykje større enn det er på mange andre stader eg har sett! 99kr/m for dei dyraste dukane er jo under 1/3 av prisen dei tar på feks Fargeriket i Knarvik.
Duken på kjøkkenet passa perfekt til putene på stolane, så det var jo litt flaks!
Etter den lange shoppedagen laga eg tidenes tjukkaste pizza til Frode kom heim frå jobb
Det var pizza med kjøttsaus, sopp og pepperoni! mmmm
No skal me laga mat til gjestane våre som kjem om ein liten time. Det er Mamma, Pappa, Åse og Beppa som kjem. Det vert kjekt :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar