Idag trudde eg ikkje det var sant då det kom på nyhetene at nok ein vulkan hadde funne det for godt å spy ut ein sopp av oske ganske samtidig som eg skal ut å fly. I fjor var det turen til Danmark som vart utsatt, og i morgon skal eg reisa til London!! Vert det utsatt denne gongen kan nok ikkje eg vera med, så eg kryssar tér og fingrar for at vinden bles oska vekk frå dei britiske øyer… Kan jo begynne å lure på om me er lagt for hat av Island…
Idag har eg ikkjespesielt mykje å skriva om, for her har det regna i bøtter og spann, men i eit augneblink av opplett var Frode ute og vaska bilen. Då oppdaga han forsyne meg at Tiger, som alle ler av på grunn av hass rolege vesen, hadde fanga ein fugl og leika i ekte villkatt stil.
Eg er ikkje spesielt begeistra for slike morderiske aktivitetar, men Tiger var svært stolt over fangsten sin, og leika lenge med den stakkars raudstrupen. Han hadde seg ein liten tur i barndomen! Etterpå har han lagt på sofaen og kvilt ut etter den voldsome påkjenninga.
No har eg endeleg, etter timesvis med pakkevegring, fått pakka i koffarten. Satsar på at alt er med, eg har i allefall hugsa både pass, kredittkort og billettar, så då skulle eg eventuelt kunne skaffa meg det eg har gløymt. Har høyrd rykter om at det fins eit par butikkar der borte i London ;)
No skal eg berre leggja beina høgt, og samla krefter til tre fantastiske dagar på tur!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar