Men litt nytte har eg då gjort for meg:)
Har strikka litt til snuppa vår
Et Lazy-Daisy pyntesett fra http://www.pickles.no/
Manglar knappar endå, men det får eg skaffa seinare.
Har igrunn fleire prosjekt som er ferdige men manglar knappar, så eg
må nok ta ein opptelling før eg skal til Knarvik neste gong.
Ellers var eg så heldig at eg fekk sjukebesøk av Malene igår kveld, og ho hadde med seg sjukepakke til meg!!!
I den var det Tom&Jerry kjeks, 7'up, Fox,Rox og Nox, kakao og suppe. Kan seia at dei kjeksene kom iallefall godt med i natt, då eg ikkje klarte å sovna på grunn av heilt intens hosting. Men litt isbitar og kjeks gjorde susen, så eg sovna jo til slutt. Heldigvis!!!
No er eg åleine heime resten av dagen, og etter formen å døma vert mesteparten av den tilbrakt på sofaen... Igjen.... Satsar på at dette svineriet går over snart... Men medan eg ventar så er det nok god hjelp i ein kopp kakao og lit snop :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar