Her er det ferdige resultatet, og eg må sei meg nøgd! Den har snøring i toppen, to lommer inni, og ei glidelåslomme på baksida. Den har og ei lita lomme på kvar av sidene.
Tusen takk til Mo9ca for oppskrift!
Igår var eg på Sletten og passa Viktoria medan Eli og Geir Ove hjalp Mamma og Pappa med å sleppa ut oksar som skulle på feriekoloni til Haukåsskolten.
Den flotte arbeidsgjengen måtte forevigas.
Underteikna i fin positur. Jammen godt jakken er vid, for no er det såvidt beltet går rundt slik at buksa heng oppe.
Viktoria ropte til kyrene som stod i floren og rauta. Ho var ekstremt god på å etterlikna dei!
Det var surt og kaldt å venta på kontainaren som skulle transportera dyra, så eg og Viktoria gjekk heller inn for å varma oss. I slikt vèr er det greit å ikkje kunna vera med på slepping, og heller vera inne og kosa med Viktoria :)
Då dei andre kom att åt me vaflar og jordber i stor stil, før det bar heim og i seng.
Idag har me sove lenge, handla, fått sommardekk på PickUp’en, ete graut på Sletten og rydda litt i huset. Alt i eit bedageleg laurdagstempo.
No er det berre å finna ut kva me skal eta til kvelds, for eg er forsyne meg alt vorte sulten att!!!
Ha ein fin laurdagskveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar