I hagen skjer det stadig nye ting, og det er alltid like kjekt når noko nytt sprett ut. Igår oppdaga eg, til stor glede for meg som elskar syrin, at eit tre som eg trudde var vanlig lilla syrin faktisk var ein kjempefin rosa syrin med kjempe sterk og god lukt :)
Var ikkje denne fin? Klarte ikkje å finne ut kva den heiter i farta, men fin er den uansett!
Igår fekk eg pussa litt meir på vogga til snuppa, og nærmar meg ferdig. Det er ikkje heilt enkelt å få av all lakken, men eg får gjera så godt eg kan, og vert det ikkje fint med beis på den, så fins det alltids kvitmaling :)
Har hatt besøk av Eli idag, og me har grilla kjempegode grillspyd på ute cafèen. Eller det vil seie, grillkongen
Frode har grilla, og me har ete :) Maten var som vanleg heilt perfekt steikt, så kjøttet berre smelta på tunga... mmmmm!!
På grillspydet hadde me: Marinert svinefilet, marinert kyllingfilet, paprika, sopp og løk. Kjøttet var ferdigmarinert, så noko oppskrift på den har eg ikkje. Men det kan absolutt anbefalast med saftig grillspyd på grillen!
Og bestemor sin gamle sopp-hatt var med, så no er våren for alvor komen til Vabø.
Etter middag, gjennomgang av babyklær og ein aldri så liten voksbehandling av Eli sine leggar, reiste me til Sletten for å fortsette SPA-behandlinga der. Heile slekta oppi badestampen til koking i lengre tid :)
Denne stakkars kvalen har ikkje berre stranda, men ho har og vokse ut av alt badetøyet.. Så ein liten shopping tur hadde nok gjort seg ;)
Her er heile slekta samla i stampen. Åse, Mamma, Meg, Eli og Eivind. Fotografen er tante Halldis!
Det var kjempe deilig, og me satt oppi der i timesvis sikkert :) 38 grader i vatnet er passeleg badetemperatur det! Etterpå var det rømmegraut til kvelds før det bar heimatt og i seng.
Idag er det ikkje fult så fint ute. Overskya og litt lavare temperatur, så det er kanskje håp om å få gjort noko inne? Det trengs visst det og :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar