Det er ikkje mykje nytt og spanande som skjer her i garden. Igår var det fint ver, men det var mykje vind, så noko voldsome uteaktivitetar vart det ikkje.
Eg fekk no hausta inn litt rabarbra, og laga to boksar med rabarbrasyltetøy som er komen i frysen. kjempe godt på is!!
Eg hadde besøk av Eli, Viktoria og Åse, og Geir Ove kom og ein tur då grill-lukta begynte å spre seg i mils omkrets. Det er ikkje tvil om at det er grillmat som står øverst på lista så snart sola glytt mellom skyene.
Etter mat reiste me til Sletten og kokte oss i stampen, Mamma, Åse, Eli, Viktoria og eg. Må seie at eg begynner å få sansen for denne stampen. Varmt og deilig på kveldane, og så er den alltid klar til bading. Ikkje timesvis med fyring og venting, berre å stupe uti :)
Idag har me vore ein tur i Knarvik, og eg fekk meg ein svipptur innom kiropraktoren. Kjempedeilig å bli knekt litt opp i ryggen. Tar til å bli framtung no, så eg merkar at eg stivnar til i ryggsøyla. Men etter nokre minuttar hjå knekkaren er alt like fint igjen.
Frode var på shopping igår, så idag var me å henta det han ikkje klarte å bera.
Var ikkje den fin?!? Eg veit om ein som er kry!!
Etter heimkomst fekk eg jammen meg inspirasjon til å sveive isaman ei kransekake etter gamalt. Begynner å bli ei stund sidan eg gjorde det sist, men det ser ut til at gamle kunstar sit endå.
Denne skal vera med på jobb i kveld, så får me sjå om den passerer den strenge kvalitetssikringa ho vert utsatt for der :) Kanskje får ho selskap av litt is og?
No er det straks tid for jobb, så satsar me på ein fin 17.Mai for dei som har fri, utan for store nedbørsmengder.
HIPP HIPP… HURRA!!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar