Då er eg komen heim frå London, og eg må seie at det har vore ein fantastisk tur, med gode kollegaer, mykje god mat, og milevis med trakking frå butikk til butikk. Me har vore innom Natural History Museum og sett på masse dinosaur skjelett, diverse jordklode aktivitetar, og som seg hør og bør i reisende stund, litt om vulkanar. Om kvelden etter museet var me på hard Rock Cafe og åt ein sein middag. Det er mange som vil innom der, så me måtte vente i ca 1,5 time på at dei skulle klara å finna bord til 18 personar. Men det gjekk fint, og maten var kjempe god!
Dag to vart nytta heilt og fult til shopping. Me var ein gjeng som reiste til eit heilt fantastisk kjøpesenter som heiter Westfield London. Eg vart heilt imponert over størrelsen på senteret, og kor fint og ordentleg alt var. Det var super service i alle butikkar. Eg var der i ca 6 timar, og eg er sikker på at eg ikkje var innom halvparten av butikkane eingong. Så det hadde nok gjort seg med ein dag eller to til der. Men neste gong eg skal til London trur eg at turen må gå til Westfield Stratford City. Det er eit heilt nytt, og endå større senter, som skal stå ferdig iløpet av året, og det vert bygd i samanheng med Olympic Park som skal huse OL i 2012.
Denne kvelden var me på ein kjempe fin kinarestaurant, Royal China, som eg gledar meg til å besøke igjen. Her fekk eg blant anna nokre kjempegode chilli-scampi, crispy duck og masse anna godt.. mmmm!!
Me var litt bekymra for at me måtte reisa heim ein dag fortidleg, men vulkanen på Island roa seg heldigvis ned, slik at me fekk med oss den siste dagen av turen og. Den vart brukt til ein liten tur innom Oxford Street, før me reiste til flyplassen. Alle saman kom seg med flyet heim, og bilen var noko tyngre lasta på returen enn den var på vei til Flesland. Men me fekk utruleg nok plass til alt, og kom oss trygt heim.
Eg har Desverre har eg ikkje nokre bilete frå turen no, sidan eg ikkje fin ledningen til reise-kameraet mitt, men eg har då klart å ta litt bilete av resultatet av shoppinga!
Det vart tilslutt to par svarte sandalar, eit par Nike joggesko, funkye truser til både meg og Frode, pysjamas shorts til meg, bag og lommebok, litt klede til snuppa, ein kjole og ein king-size bikini som eg satsar på at vil passe så snart snuppa kjem ut og set i sving meieria ;)
Me var seine heimatt på onsdag, så eg sov nok ikkje før klokka var halv 3 og det var såvidt eg klarte å karra meg opp i tide til timen hjå jordmora klokka 10 igår. Ho sa at alt var i orden, så no er det berre å smørja seg med tålmodighet. På onsdag har det gått 32 veker, og då er lungene til snuppa heilt ferdig utvikla, noko som betyr at viss ho kjem ut etter det, vil ho kunna pusta heilt på eigahand, uten kuvøse. Det er greit å vita, men me satsar på at ho held seg inne nokre veker lenger enn det.
Idag har eg vore på jobb sidan tidleg tidleg tidleg(06.30) til 18.30. Men no er det berre to slike skift att før me tar til på sommarskiftplanen, så då skal eg ha to veker fri og Frode skal ha 3 veker fri. Satsar alt på fint vér!
No er det straks leggetid for meg, god helg!!