Søk i denne bloggen

tirsdag 6. september 2011

Nye opplevingar for eit lite nurk

Tida flyg, og mykje skal opplevast for  første gong for vårt vesle vidunder. Line er framleis snill som ein draum, og tillet mor å sova godt om nettene og :D Det vert forøvrig sett stor pris på.

Det har gått over ein månad sidan eg bloga sist, og det er ikkje fordi det ikkje har skjedd noko, men rettogslett fordi eg heller bruker tida mi på å kosa med snuppemor enn å sitja på kontoret å blogga. Men no skal eg prøva å skjerpa meg!!

Ein av dei første tingene Line fekk vera med på i livet var ein tur på hytta ilag med Mormor, Bestefar og tante Åse då ho berre var 14 dagar gamal. Då måtte me sjølvsagt nytta oss av den blikkstille fjorden, så Line fekk vera med i båten og ut i ein holme for å grille pølser og makrell. Det såg ut til at ho likte å køyra båt, for ho sovna momentant idet båten la ifrå kai :) Det lover bra for Pappen sine draumar om ein båt me kan reisa på tur i.

IMG_4356 IMG_4355

Då Line var 1månad gamal var me på besøk hjå Beppa, og dei leika ilag på golvet. Det er ikkje alle som har ei så sprek oldemor!

IMG_4402 

Slik såg Line ut då ho var 1månad. Det er ikkje vanskeleg å sjå at ho et godt!

IMG_4410

Ein av dei siste tinga Line har vore med på er OL-2011. Det var Osterfjordleikane nr 10 iår, så dette var eit viktig og flott jubileumsarrangement me fekk vera med på.

IMG_4444

Denne gongen var det på heimebane på Dale, og Frode fekk æra av å tenne OL elden sidan det var han som var fjordårets vinnar, og dermed årets arrangør.

 IMG_4475 IMG_4485

Årets OL-eld var særs vellukka, og brann akkurat så lenge som leikane varte. Det var nok iskaldt berekna frå produsenten si side.

Dei andre deltakarane i OL er på grensa til å verta leie av at det omtrent berre er Frode som har klatra til tops på pallen, så nokon av dei kom med slappe forsøk på å få han utvist for doping. Men anklagene vart droppa ettersom ein av IOC medlemmane hadde med seg både det eine og det andre narkotiske preparatet i bagen sin.

   IMG_4460

Så gale var det at ein tilogmed måtte testa urinprøven hans!

IMG_4465

Ein av øvelsane under årets OL var sykkel-skyting, og her ser me Frode i fint driv inn mot standplass. I denne øvelsen kom han på 3.plass

IMG_4491

 

     Årets øvingar

    Sykkel-skyting
    Pil og boge
    Pilkast
    Hesteskokasting
    Frisbee-golf
    Støvvelkasting

 

 

 

Og vinnaren vart, som det har vore dei fire siste gongane, FRODE!!! Det vart desverr ikkje bilete av seierherren saman med vandrepokal nr2 som no er hans til odel og eie, for det var blitt mørkt før dei barske atletane var ferdige med tevlinga.

Og alle var enige om at det var “The best games ever!”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar