Søk i denne bloggen

fredag 30. september 2011

Full fart langs vegen!!!

No synest eg det er på sin plass med eit lite skryteinnlegg! Er ganske nøgd med eigen innsats på treningssida, og det eg har gjort er å gå/jogga til Sletten heile 3 gonger!!


Turen til Sletten er 5,27km og på første forsøk gjekk det 55min, på andre forsøk 45min, og på tredje forsøk gjekk det 40min! Ganske kjekt at det går fortare for kvar gong :)



Slik ser me ut når me kjem fram... Eg er bustete og rosa, og Line er trøtt i trynet etter ein god dupp. Omtrent når me er komt til Skauge kunne eg godt tenkt meg å bytta plass med ho. Ser deilig ut å ligga lunt og godt, og bli gynga i søvn i ei vogn ;)

Eg synest det er mykje kjekkare å gå frå ein stad til ein annan, enn å måtta snu og gå heimatt, difor er det perfekt å gå til Sletten, og så få Frode til å henta oss ;) Det hadde og vore kjekt  å gå til Eli, det er litt lenger, men det er eit godt stykke å gå langs hovudvegen, så det spørst om det vert noko av. Eg må eventuelt finna ut om det går an å gå med vogn på den Trondhjemske postveg. Den vegstubben som er her i området går ifrå Vågseidet til Hundvin, så det hadde vore fint om den var i nokonlunde god stand..

No er det berre om å halde motet oppe sjølv om vèret vert verre ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar