Søk i denne bloggen

søndag 18. september 2011

Konkurranse - Pickles 2år!!

Pickles.no er ei av dei sidene eg er innom og ser på med jamne mellomrom, og eg synest det er så gøy å sjå noko nytt!! For det er nettopp det som er å finna hjå dei. Masse fine teknikkar, og eg set spesielt pris på at dei lagar videoar om korleis ein skal få dei til..

Eg har berre prøvd oppskrifter på babyklede. Det eg har strikka likar eg kjempe godt, og eg har fått masse skryt for det!!



Line er kjempefin i "En liten finkjole", og denne har eg faktisk strikka i to storleikar, sidan alle syntes at den i nyfødd såg så liten ut.. Men jammen passa den!!! No brukar ho den som er 3-6mnd. Sokkane passar endå, men hua vart fort forliten ;)



Ikkje alltid like kjekt å bli tatt bilete av, men etter litt mat var alt så mykje betre!






"Snerten selekjole med turban" er Line til å ete opp!! Kjempe fint med daisy-strikk i trøya.


Her har Line fått over seg det kjempefine teppet ""Fullmånepledd til Liv". Utruleg fint, og det ser mykje meir avansert ut enn det faktisk er :D

Så langt er det dette eg har strikka i garn frå Pickles, men det kjem nok til å bli meir. Det gjeld berre å klara å bestemma seg for kva ein skal strikka og i kva farge.... Kanskje eg slepp å velge viss eg vinn konkurransen!

Eg kryssar fingrane og tedna!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar