Søk i denne bloggen

onsdag 21. september 2011

Førbursdag og Enjo-Party

Dagen idag har vore stille og roleg. Eg og Line har vore heime og vaska klede og besøkt tante Elin, medan Frode var hjå kiropraktoren. Eg stussa litt over at han var lenge vekke, men tenkte ikkje noko vidare over det.. Men jammen meg hadde han vore på tur og kjøpt bursdagspressang til meg!!

 IMG_4680

Eg fekk ei kjempefin Kari Traa ulltrøye, og ein stor, lilla North Face bag. Så no er eg og klar til å reisa på rypejakt! Trur nok at eg og Line kjem til å kosa oss på hytta med snop og strikketøy.

IMG_4671

Igår måtte me trena litt og, og Line har blitt kjempeflink! ho held hovudet lenge oppe, og ser seg omkring. Kjempegøy!

Klokka 19:00 kom det gjestar på Enjo-Party, mamma, Eli, Åse og Tante Halldis hadde vore før, medan Veronika og Kari Anne frå jobben til Frode hadde aldri høyrd om Enjo før Frode reklamerte for det! Det var ein kjekk kveld med lappar og grønnsaker med dip (heimadyrka gulrøtter såklart ;D ) og Gjertrud Strømme som forhandlar Enjo er så livlig og entusiastisk. Så no gler me oss til Onsdag, for då kan me hente varene!!

Eg fekk forresten låne eit par vaskemagnetar for uttesting, og det er eg vel skeptisk til. Det er to magnetar som skal stå inne i vaskemaskina, som skal gjera jobben til vaskepulveret. Altså skal ein vaska klede utan bruk av vaskemiddel i det heiletatt. Eg kjenner fleire som bruker dei, og det må seiast at ingen av dei er verken skitne eller luktar vondt. Likevel er eg skeptisk til om det er forskjell på å vaska med berre vatn uten magnetar, og å vaska med magnetar… Skeptisk, men eg skal testa dei ut med eit ope sinn, så får me sjå om eg kan sleppa å handla inn meir vaskepulver….

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar