Eg må visst berre innfinna meg med at eg ikkje klarer å halde bloggefrekvensen oppe på det nivået eg kunne tenkt meg! Det er liksom ikkje alltid det freistar å gå på kontoret når eg har ei lita stund for megsjølv. Ikkje for det… Line er framleis like snill som ho alltid har vore, men duppane er ikkje like lange som dei eingong var, så medan ho søv vert det anten rydding, eting eller strikking :)
Er ho ikkje søt når ho søv?? Dette biletet vart tatt ein dag ho ikkje hadde lyst å stå opp. Då sov ho vidare i senga vår i sikkert 2 timar etter me hadde stått opp!!
Men som tittelen på innlegget seier, så har det vorte nokre nye opplevingar for Line i det siste.. I begynnelsen av månaden var me på sopptur med mamma og Åse, og Line storkosa seg i skogen sovande i meitaien.
Den andre nye opplevinga var igrunnen ny for meg og.. Me skulle køyra bilen til mamma på verkstad i Åsane, då den fann ut at den ikkje ville lenger.. Og då var me berre kome til Knarvik!!!
Då fekk me sitja i bilen oppå lasteplanet til bergingsbilen, og nyte utsikta på tur til Åsane… Og eg berre nemner at det auserigna den dagen, så eg var iallefall kliss våt etter å ha styra rundt med varseltrekant, barnevogn og anna bagasje. Men det gjekk bra, bilen vart fiksa, og me kom oss heimatt i god behald.
Må berre ha med nokre bilete av fine Line tilslutt!
Søta!!!! Ho er kjempe sterk i nakken, og ligg slik og preikar med meg lenge. Avogtil hender det at ho rullar rundt og, men det er visst ikkje heilt med vilje.. Ikkje lett å ha så digert hovud!!
No nermar det seg leggetid for snuppa, så me må gå og finna fram pysjen..
God natt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar