23.10.2011 vart Line døypt i Myking kyrkje. Denne datoen var det jubileumsgudsteneste i kyrkja, då kyrkja feira 150år. Dette førte til at ikkje mindre enn fire kor, blåsarar frå Eikanger Bjørsvik, sju prestar og ein prost var med på å gjera dåpsdagen til ein heilt spesiell dag.
Me gjekk i prosessjon inn i kyrkja. Det var ganske spesielt å skulle bera vår første unge til dåpen, og så var det så mange som kom for å sjå på ;)
Guttekoret sang dåpssalmen, og det var gamlebispen, Ole D. Hageseter som stod for preika.
Sjølve dåpen var det harald Sundsbø som stod for.
Tante Eli og Onkel Geir Ove var fadrar!
Line oppførte seg eksemplarisk, og det var igrunn imponerande med tanke på at gudstenesta varte i to timar! Men altså… har me fått verdens beste baby, så har me fått verdens beste baby ;)
Det var morro at me fekk døypa Line på ein så spesiell dag. Ikkje kvardagskost med så mange prestar i kyrkja. Alle saman har tidlegare vore prestar i Myking kyrkje.
Heime venta snitter og kaker, og stova var ommøblert og pynta som seg hør og bør når verdens beste prinsesse skal feirast!
Tante Torhild, Onkel Trond, Lukas og Mathias hadde tatt turen heilt ifrå det blide austland for å feira ilag med oss.
Tante Eli og Onker Geir Ove var der, og bestefar var staseleg i den fine bunaden sin :)
Anne-Linn, Sindre, Marit, Tante Elin, Bestå og Malene var nokre av gjestane.
Takk til alle for ein flott dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar