Måndag 18.Juli vart eg innlagd på observasjonsposten på kvinneklinikken med svangerskapsforgiftning. Ikkje akkurat den mest spanande plassen å vera, og dagen dreia seg mest om å få med seg alle måltida :) Tysdag starta dei med igangsetjing av fødselen, og det siste eg fekk beskjed om før eg la meg var at eg måtte belage meg på at det kunne ta 3-4 dagar. Noko kortare venting fekk eg ta som ein bonus. Me kan seie at eg fekk JACKPOT!!
Då eg vakna Onsdags morgon, litt etter klokka 7, synest eg at “vontane” mine kjendes litt annerledes ut enn det eg var vand med. Og ganske riktig, 4,5 time seinare hadde verdas vakraste jente kome til verda!!
Line heiter ho, og var 3360g og 48cm lang
Mor var ikkje like vakker, heller bleik og svart rundt augene etter eit ganske stort blodtap, men ikkje mindre stolt av nurket, og glad for at det endeleg var over!
Og logisk nok fekk eg MOReller av min kjære mann. Kva ellers kunne vel vore meir passande?
Her er me nett komen heim frå sjukehuset
No kosar me oss heime, og nyt livet med ei lita sovedukke!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar