Den siste veka har vore lang og lite innhaldsrik, då det meste av tida har gått med til den nye hobbyen min, døgnplanking. Det er jo så inn i tida med denne plankinga, som går ut på at ein skal bli tatt bilete av medan ein ligg strak ut med armane langs sida på dei merkelegaste stader. Etterpå skal bileta publiserast på sosiale nettverk. Eg har teke plankinga til eit nytt nivå, og har meir fokus på kor lenge eg kan liggja istadenfor kvar eg ligg. Detaljar som bilete og publisering heng ikkje eg meg opp i. Eg driv trass alt med planking på hobbybasis ;)
For å vera heilt alvorleg, så har ikkje ryggen vore heilt samarbeidsvillig den siste tida, noko som eg trur er eit resultat av MANGE, LANGE; STERKE kynnarar om nettene. Så eg har tilbrakt mykje tid på sofaen ilag med shaktimatta, og ein fantastisk rispose som eg varmar i mikroen.
Begge desse er med på å lindra ryggvondtane, slik at eg tilslutt får sova utpå morgonkvisten eingong. Eg satsar på at det ikkje held fram så mykje lenger, for eg er ganske lei av å vera så ubrukeleg.
Forige helg var eg med i slåtten heime på Sletten, men det einaste eg kunne bidra med var å delta i yatzy, og koma med muntre tilrop frå hagestolen eg sat i. Men eg har vore med, og eg har kjend lukta av nyslått gras!
Denne fredagen fann eg ikkje roen før klokka var vorte laurdags morgon, så etter å ha sove til langt på dag var det kjempe stas å få graut og is hjå våre kjære naboar. Ikkje akkurat freistande å begynne med matlaging etter ei lang våkenatt.
Men formen kom seg då utover dagen, så eg og Frode bestemte oss for å testa ut båten med ein tur over fjorden til hytta, der Mamma og Åse hadde vore sidan dagen før. Det viste seg at Pappa og var på farta, så han kom ned til oss og var med over i båten.
Overfarten gjekk kjempefint. Det var ganske lite bølger over fjorden, så det tok ikkje meir enn ca 25min over.
Slik ser hyttefeltet ut når ein kjem innover. Den finaste hytta av alle ligg øverst midt i biletet. Åse henta oss på brygga, for me hadde mykje med oss, og på vegen opp til hytta møtte me på brannvesenet i Masfjorden. Det viste seg at det hadde tatt fyr i ein transformator, så alle hyttene var utan straum. BKK var alt på plass, så det var berre å venta på at dei skulle ordna opp.
Men me visste råd, og nytta ventetida til å spela pilkast og eta snop på terassen. Me måtte jo døyva sulten, for utan straum vart det ikkje mat. Eg vil berre nemna i ein bisetning at EG vann første runde!! HURRA :D
Då straumen kom att var det tid for mat, og den var vel verd å venta på. Det vart diska opp med kyllingfillet, svinefillet, ris og gratinerte grønnsaker. Til dessert fekk me jordbær, banan og nyplukka blåbær med fløyte på. mmmm!! Eg gjekk til sengs tidleg, medan dei andre sat oppe og spela yatzy. Frode var storfornøyd med å få yatzy to gongar i same runde, og banka svigermor frå Bloksberg ned i sokkane. Me har begynt å mistenkja at det er nettopp der ho kjem ifrå, for tidlegare på dagen fekk ho yatzy heile 5 gongar på dei åtte første kasta i ein runde!! Det skal ikkje gå an!!!
Me hadde ein fin tur på hytta, sjølv om det var heilgrått ute då me vakna på Søndag. Men fjorden var heilt blikkstille, så det var ikkje noko problem å koma seg heimatt.
Håpar det vert litt sommarvèr snart, slik at me kan få grilla litt i fjøra :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar