På Mandag var det breiflabb som stod på menyen, men akkurat korleis den skulle tilberedas var ikkje avgjort. Mangel på erfaring med dette stygge fiskeslaget førte oss, som så ofte før, til det store internettet. Der fann me oppskrift på ovnsbakt marinert breiflabb. Men som vanleg er ikkje slike oppskrifter til for å følgjast til punkt og prikke, så oppskrifta på det me lagde vart slik:
| Marinade 2 delar olivenolje 1 del sitronsaft 2 fedd kvitlauk ein god dasj finhakka persille ein god dasj finhakka graslauk godt med salt pepper |
Marinaden var blanda saman og tømt oppi ein pose. Porsjonsstykker av breiflabben vart lagt oppi til marinaden, og vart liggjande der i ca 30min. I mellomtida vart grønnsaker etter ynskje og kjøleskapsinnhald kutta opp og lagt i ei eldfast form. Me hadde:
| Grønnsaker Asparges Sopp Paprika Gulrot Potet Squash Salt Pepper |
Då fisken var ferdig marinert, havna den og marinaden oppå grønnsakene. Det heile vart steikt i omnen på 200grader i 20-30min. Retten vart toppa med sprøsteikt bacon og Lofoten fiskesaus…Det var kjempegodt, og Marit og Ingvild kom på besøk akkurat i tide til å få utvida mat-horrisonten sin. Dei var litt skeptiske til å begynne med, men det såg ut til at dei likte det.
Til dessert laga me brownies, og me koste oss til langt på kveld med brownies, vaniljeis, yatzy og andre terningspel.
Midt i ein yatzy-runde dukka mi kjære Malene opp på døra med ein Big-Mac hamburgar som ho hadde frakta med seg heim til ein gravid stakkar som har ynskja seg nettopp ein slik hamburgar i lengre tid!! Endå så mett eg var etter alt det andre me hadde ete, klarte det bunnlause sluket å få plass til ein burger til dessert :D Det viste seg dessutan at burgaren kom med vinnarlukka, for eg grusa dei andre i yatzy!! Men som alltid: Hovmod står for fall, så eg fekk nok min del av tap eg og…
Takk, søte nabo-jenter, for ein kjekk spelekveld!
heheheh :D så bra den fall i smak!! VinnerBigMac ;-)
SvarSlett