Søk i denne bloggen

fredag 13. april 2012

Shopping med Beppa!

Tidleg Onsdags morgon reiste me å henta Beppa, og kjørte ho til byn. Då ho var ferdig med det ho skulle var klokka berre kvart over 9, så me hadde dagen for oss!

Me åt frokost på Egon, og reiste vidare til Åsane, der me kjøpte sykkelsete og hjelm til Line, og gjekk å snoka i butikkane før me avslutta på Fretex. Det var utruleg mykje folk der, og ein del fine ting og. Eg kjøpte ei stor korg, og nokre små leikar til Line. Dei hadde nokre barnemøblar der som var heilt fantastiske! Det var benk og to stolar med oppbevaring under lokket, og eit bord med "lokk" i som ein kunne ha fargeblyantar eller perler og liknande i. Det passa perfekt til Line, men det var alt for dyrt på ein vanleg onsdag! ;) utruleg flinke dei som har laga det i alle fall!

No er det berre å venta til vêret er med oss, slik at me får prøvd sykkelsetet! Gleder meg!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar