Det ser ut til at Line er svært interessert i å hjelpa til med alt me foretek oss!
Då me var på Dale sist Søndag og lagde blomebed, var ho ute og raka i grusen og kosa seg i lang tid. Berre avbrote av ein formiddagslur, var ho med oss heile tida...
Då me la om til sommardekk ville ho helst gjera det sjølv! Ho kom krypande som eit prosjektil for å vera med på alt. Jekke opp bilen, løyse dekka, ete hjulmutrar... Ja, you name it!!
Ho er slettes ikkje verst inne i huset heller. Om ho høyrer at oppvaskemaskina vert opna, er ho straks på pletten og vil hjelpe til med å rydde i den. Ho klirrar med tallerknar, bankar med skjeier og sutlar i vatn...
Ellers føl ho etter mer rundt i huset, og på vaskerommet må ho alltid sjekka om eg har tatt ut alt og at maskina er tom!!
Eg håpar denne interessa for deltaking i huslege oppgåver ikkje svinn henn ;)




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar