Søk i denne bloggen

tirsdag 17. april 2012

Månetomater og solskinnsdag

Idag har Bestå vore på besøk hjå oss, og ho har leika og gått på tur med Line. Det må ha vore ein særs behageleg og søvndyssande tur, for Line sov i nesten 3 timar :)

Eg lagde brød av deigen eg laga i går kveld, og om eg skal seie det sjølv, så vert dei berre betre og betre for kvar gong eg lagar dei. Eit godt eksempel på at øving gjer meister!
Eg laga og "Månetørka cherrytomater" frå boka " Nigella express". Det er altså cherrytomater som er delt i to, dryssa på litt salt, bittelitt sukker, litt timian, og så litt olivenolje. Desse tomatane set ein inn i ein omn som er forvarma til 250 grader, og når ein set inn tomatane sløkkjer ein omnen, og let dei stå der natta over ( medan månen er oppe ) utan å åpne døra. Kjempegode vart dei, og eg er ikkje ein gong spesielt begeistra for tomat ;)

No har Frode vore ute og saga ned litt busker og tre ilag med nokre naboar, så no er det velkomen utsikt!

No har forresten Line oppdaga vinduskarmane, så det vert nok ikkje mange minuttane på baken i tida framover. Ho vil helst gå heile tida, så me går krokbøyde med vonde ryggar begge to...

Det er kjempe morosamt å sjå kor gullet vårt utviklar seg frå dag til dag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar