Søk i denne bloggen

fredag 13. april 2012

På tur!!

Kan ikkje seie at det har vore enorm påskestemning her i huset, for den eine dagen er nokså lik den andre. Dessutan vart 1 av 2 påskepyntar knust ifjor, så den gule fargen fekk ikkje overtaket i år heller.

Men me var på påskebesøk på øynæ, og me var på påskebesøk på hytta :)

Me kom bort til Dale Tysdag ettermiddag. Då hadde me vore i Arna og kjøpt sko til Line!! Tenk at ho har fått sine første sko!! Ole Martin, Gunn og Trond kom og til Dale, så Ole Martin leika med Line, og eg syntes han var ganske tolmodig med den vesle kusina som berre ville ta flyet hans og slita han i håret!

Onsdagen var det nydeleg vêr, så me gjekk ein fin tur langs vegen medan Line sov i vogna. Då ho vakna tok me med oss litt brød og gjekk ned til "vill"-sauene og klappa dei :) Line vart nok litt forundra over dei innpåslitne krølltoppane. Ho hadde jo trass alt nett vakna!

Dagen etter vart Line sjuk med feber og tett nase, så då måtte me halda oss heime nokre dagar. Men søndag var ho i så god form at me henta mormor på jobb og reiste på hytta. Det var det ca 6 grader då me kom, så me fyrte på spreng. Det tok likevel ei god stund før me kunne ta ytterjakka av oss :)

Eli, Geir Ove og Viktoria kom bort på kvelden, og me åt kanongod svinesteik, store haugar med påskesnop og me spela pjatzy!!! Neste dag bestod i grunn berre av kos den og. Bortsett ifrå at Line ramla ved peisen og slo seg i nasa og munnen. Ho fekk ei ordentleg tjukkelippe! Stakkar liten :(

Då var påsken over for i år, så får me prøva å oppgradere med litt påskepynt til neste år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar