Idag har me vore på date i bydn medan Line har vert hos Mormor og Bestefar. Ho oppførte seg som vanleg heilt eksemplarisk!!
Me var på TGI Fridays og åt knallgod mat! Frode åt spareribs, og eg åt kylling. Begge kom med ein kanongod Jack Daniels saus, så neste steg vert å finne ut om den kan lagast heime... Det hadde gjort seg. Ein perfekt saus til grillmat!!! Det vart faktisk plass til dessert og idag, så tilslutt trilla me ifrå lokalet, og vinden blas oss raka vegen bort i Gågata.
Der er det lenge sidan eg har vore. Det er no heilt sikkert!! Fleire år vil eg tru. Dei fleste butikkane var stengde, så det var ikkje mykje å sjå, men den butikken me hadde som mål var heldigvis åpen. Det var nemleg oriental food me skulle til. Har hatt lyst til å handle i ein innvandrar butikk lenge, men ikkje har eg vore i byn på kjempe lenge, og ikkje har eg visst kvar eg kunne finne ein heller. Men no har eg funne ikkje mindre enn TO butikkar, og det var gøy!! Det er så masse gøy og nytt å sjå på, så eg må reise tilbake åleine ein gong slik at eg har litt betre tid på meg :)
Eg har funn eit par oppskrifter eg har lyst å prøva, så det vart handla inn lit ingrediensar til dei. Den eine oppskrifta er ei kyllingsuppe, Tom Ka Gai, og den andre er vårruller med scampi..... Det vert spanande å sjå om me får til å lage det, og endå meir spanande om det er godt!!
Her er vertfall resultatet av handleturen :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar