Søk i denne bloggen

onsdag 11. januar 2012

Og så var jula over for denne gang….

Men det var kjekt så lenge det varte :) Det vart ingen kryping på Line til jul, men det har då skjedd eit og anna nytt likevel!!

Line 5 månader

Då Line var 5 månader var me på shopping i Åsane, og som alltid når me er på farta, sjarmerer ho folk flest i senk :) Her var me på ei kebab-sjappe og åt, medan Line stakkar berre måtte sjå på. Ho tek det nok igjen, for det tok ikkje lange tida frå ho fekk si første skjei med graut, til ho gumla i seg ei heil skål. næringsvèt har ho i allefall.

107 105 106

Vesle julafta var den store dagen for tidenes første prøvesmaking av graut. Då var det hirsegraut på menyen, og det gjekk ned på høgkant. Litt gris vart det, for det er jo ikkje så lett å få den der tunga til å fungere på rett måte! Men no går det mykje betre, og fleire typar graut og kålrabistappe med persille glir rett ned.

  Skal den etas med hovudet først..... ...eller huset?? frukt-gnage-pose!

Det kan sjå ut som ho vert ein gourmet, for ho er veldig glad i snegl (!) og avocado i frukt-gnage-posen er heilt toppers!

Beppa kos :)

På vesle julafta var me og på besøk hjå Beppa, og det var jammen kjekt. Ho syng og dansar så Line skrattar!

 017  Mi første julegåve!! 005

Sidan Frode skulle reise på jobb klokka seks på julekvelden, hadde me ein stille og roleg dag heime, med julegraut og tidleg julegåve åpning. Då Frode reiste på jobb, fòr Line og eg til Sletten og åt julemiddag der. Det var kjempe kjekt! Me fulgte stort sett det tradisjonelle sporet, med sang og juleevangelium før maten, men i år måtte me lese det “nye” juleevangeliet etter maten ;)

 

Et moderne juleevangelium

I høst ble det lansert en ny versjon av bibelen med et justert språk som er bedre tilpasset "vår tid". Dette får selvfølgelig konsekvenser for juleevangeliet, men dog ikke så store konsekvenser som i spalten publisert i A-magasinet 16.desember:


Det skjedde i de dager at det gikk ut en befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle joine en gruppe: «Vi som vil skrives inn i manntall». Dette skjedde mens Kvirinius var helt sjef i Syria, og gruppa fikk drøyt mange likes.


Josef traska fra byen Nasaret i Galilea, opp til Judea, til Davids by Betlehem, for å signe manntallet sammen med Maria, dama hans, som hadde boller i ommen. Og mens de var der, hevet bollene, for å si det sånn, og Maria leverte varene. Hu pakka kiden inn i noe tøy, og la'n i ei krybbe, for det var ikke plass til dem i herberget.


Det var noen gjetere som var ute i natta og passa på sheepsa sine. Med ett var Herrens eng­ler F2F, og Herrens diggbarhet lyste. Gjeterne bare: «OMG!», og engelen bare: «Slapp av, gutta! Jeg kommer med en tweet om glede, en glede for hele folket: #Frelser #Kristus #jomfrufødsel :-) :-) :-) … og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne en kid som er innpakka i noe tøy og ligger i ei krybbe.»


Så kom engelens followers, en himmelsk hærskare, som ga masse kudos til Gud og retweeta: #Frelser #Kristus, og #ffnor Gud og fred på Jorden blant mennesker som har Guds velbehag»

Da englene hadde tatt kvelden, sa gjeterne til hverandre: «La oss stikke inn til Betlehem for å kolla läget.» Og der fant de Maria og Josef og den lille kiden som læxan i krybba. Da oppretta de en ny gruppe: «Vi som har sett Jesus Kristus, Guds sønn». Folk bare: «Saklig, LOL». Gruppa fikk ikke så mange likes, for å si det sånn, men det var bare i starten, for seinere i livet fikk Jesus sinnssykt mange followers.


Og Maria bare: «#DenFølelsen»

Og gjeterne bare: «Helt konge!!!»
(kilde: Aftenposten)

 

Det var så morsomt at det var så vidt eg klarte å lese det høgt. Det var i alle fall populært blandt dei yngre gjestane. Dei “gamle” forstod ikkje alle orda :)

 

 027

I romjula var det tett program. Marit var på besøk og lærte Line å ta fjortis bilete, medan eg laga svineribbe til Mamma og Åse var ferdige på jobb. Me var desverre svært dårlege til å ta bilete i jula, så bilete av vidunderet har eg ikkje, men eg kan love at den var god, og omtrent ALL svoren var sprø. Og godt var det, for Åse og Mamma er ikkje til å stanse om det er sprø svor i nærleiken ;)

  

035 034 020

2.juledag var Line og eg på besøk på jobb, for skal ho bli ein god operatør, gjeld det å ikkje liggje på latsida! Me hadde med muffins til dei, som vart frakta i det fine muffins-frakte-stativet eg fekk til jul!! Det fungerte aldeles utmerket :)

På sletten var det middag denne dagen, men Line droppa fisken, og tok seg heller ein blund. Frekkasen Baldrian ville og ta ein kvil, så han la seg likegodt ilag med ho :)

3. juledag kom Bestå og Besten frå øyne på besøk, og eg trur det må vera tidenes hjortesteik dei fekk servert. I allefall den beste me har laga! Tilbehøret var soppstuing, bringebær-fløytesaus, grønnsaker og steikte poteter… mmmm!!

Det er no heilt sikkert at det vert lit vel mykje god mat og kaker i jula, så det vert vel strieskjorte og havrelefse (les: treningstøy og knekkebrød) ei god stund ut på nyåret!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar