Søk i denne bloggen

onsdag 11. januar 2012

Nytt år med mykje morro i vente :)

Dagen før dagen kom eg heldigvis på at det sikkert kom nyttårsbukkar til oss, så då måtte det handlas snop i ein fart. Eg laga til 30 pakkar, og gledde meg til dei skulle koma.. Men til min store skuffelse kom det berre 7 stykk!! sjølv på Sletten kom det fleire, og der har det berre vore oss som har gått i fleire år. Neste år skal me gå nyttårsbukk i allefall! Det gler eg meg til :)

I år var me inviterte på besøk til kjekke naboar, Miriam og Jan Emìl, for å feire overgangen til det nye året. Me var der saman med Malene og Kenneth, og det var pinnekjøtt som stod på menyen, og riskrem OG karamellpudding til dessert! Kjempe godt var det :)

Etter me hadde ete kom Benedicte og bort, og me preika og kosa oss heile kvelden. Kenneth og malene hadde arrangert ein morosam gåve-leik, som gjekk ut på at alle para skulle ta med seg ei tulle-gåve og ei skikkeleg gåve, så skulle eit trekke ut ein som skulle få velge pakke først. Neste mann som vart trekt, kunne enten ta gåva den første hadde vald, eller finne ein ny. Når alle hadde valgt pakke, skulle må opne og sjå kven som fekk tulle pakke, og kven som fekk ordentleg pakke. Sidan me andre ikkje visste noko om denne leiken, hadde Malene og Kenneth ordna med alle pakkane. Det var kjempe morro å sjå kva alle fekk :)

  065  067  101

Frode fekk eit kjempe fint sett med tiara, øyredobbar, ring og smykke. Nokon fekk smellbonbonar slik at alle måtte gå med papirkrune! Eg fekk eigentleg shotteglas, men eg bytta med Benedicte, for ho fekk ei langpanne med lokk (!) Ho driv ikkje med baking for å seie det slik :)

Utpå kvelden fekk me bilete av nokre utruleg flotte nyttårsbukkar!

099

Hadde vore morro å sett dei LIVE!!!

Då klokka nærma seg midnatt, kom Kjartan, Selma, Malin, Emilie og Linnea bort og var med å sende opp fyrverkeri. Sidan me var så mange hadde me ein god del, og det var mykje fint! Line låg inne i vogna si og sov som ein stein, trass alt bråket. Heilt utruleg igrunn!

Me hadde ein kjempe kjekk kveld, og me kosa oss i godt selskap :)

No vert det spanande å sjå kva det nye året bringer, og det vert spanande å sjå kordan Line veks og får til nye ting.

IMG_5144 IMG_5143

No har me alt venta lenge på at ho skal krypa. Sjå kor flink ho er til å trena! Dette er jammen morro og spanande å følgja med på!

Godt nyttår alle saman!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar