Det er heilt utruleg å sjå kor fort Line utviklar nye ferdigheter. No har ho snudd seg frå rygg til mage omtrent før me har lagt ho ned på golvet, og ho er mykje meir interessert i leikar. Katten derimot bryr ho seg ikkje spesielt mykje om.. Katten er ikkje spesielt interessert i Line heller, men så er no han helst kjed for å vera ein snerpete gamal mann som ikkje er så begeistra for ungar ;)
Line takkar heller ikkje nei til ein høglydt diskusjon utpå ettermiddagen. Denne helga har Frode jobba heile dagen, og når han då har kome heim litt over klokka sju om kvelden har dei sete i sofaen og prata og babla til kvarandre. Kjempe morosamt å sjå og høyre på!
Idag er Line omtrent 4 og ein halv månad, og idag løfta ho seg opp på knea for første gong. Det ser verkeleg ut som ho har tenkt å krype avgarde!!
Ho har og fått oppleva sin aller første snø idag :) Trur ikkje ho brydde seg så mykje om den, for ho slapp å gå og gli i den.. Ho fekk so vanleg på seg den deilige ulldressen sin og vart bore på sine laubær der me skulle. Akkurat som ho fortener!!
Igår var me på julegåvehandling HEILE dagen med mormor og Beppa, og då viste ho seg jammen meg frå si aller beste side. Ho klaga ikkje i det heile!! Me vart sitjande fast i Åsane på grunn av enorm kø mot knarvik, og ho var like blid. Ho skravla som ein foss til alle som ville høyra på :D Kan tru mammo er kry av jenta si!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar