Etter tidenes dårligaste julebakst i fjor, syntes eg at det måtte kompenserast i år.
Først ut var årets lussekattar, og sidan det er Lucia-dag berre ein gong i året, synest eg det er kjekt å bruka ordentlege ingrediensar. Det betyr jo då safran såklart! Verdas dyraste krydder, som i matbutikkane her i området kostar 100 kroner grammet!! Ikkje så rart igrunn med tanke på at ein må plukka støvberarane av minst 70000 safran krokusar… Fint at nokon vil ta den jobben!!
Så spanta eg på litt ekte smør! I desse smørkrise tider har det blitt til at dei to pakkane med smør berre har blitt brukt der det har vore mest nødvendig :)
Deigen vart vertfall kjempe gul og fin, og lussekattane knallgode!!
Ellers har me laga brente mandlar. To gonger! For den første dosen forsvann på eit blunk… Utan tvil Frode sin julefavoritt :)
Tyske skiver med syltetøy er ein variant eg ikkje har laga før, men eg syntes dei var veldig gode.
Mandelflarn er dei einaste julekakene mamma har måtta gøyme unna frå gribbane, for dei er akkurat som karamell.. Vekk på eit blunk!
Krumkaker synest eg er best med is oppi! Ein jule-klassikar.
Maryland cookies er gode sjokoladekjeks
Og tilslutt pepperkaker. Nokre av dei fekk pinne, og andre fek hol til sløyfe. Eg laga nokre store hjerter som eg har pynta med melis og sølvkuler, og hengt opp i vindaugene. Litt enkel julestemning :)
No er det berre om å få besøk slik at me slepp å ete alle kakene sjølv.. Skal ha plass til middag og trass alt!
God førjulstid :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar