Søk i denne bloggen

søndag 20. november 2011

Line 4 månader!

Tenk at det alt har gått 4 månader sidan me den fantastiske prinsessa vår kom til verda! Utruleg at me har vore så heldige å få ei så roleg og avslappa jente :) Og godt er det, for mor er ikkje brukande til mykje om ho ikkje får sova om natta…. Så det at ho søv heile natta får me håpa ho fortsett med til ho er så gamal at det ikkje går utover dei “gamle”

IMG_4885

Slik ser Line ut dagen før og dagen etter 4månaders dagen. Ingelina passar på at Line har nok leikar innan rekkevidde ;)

Å ta bilete på sjølve dagen gjekk oss hus forbi, men eg vil tru at det ikkje har skjedd så enorme forandringar frå den eine dagen til den neste.

IMG_4897

Fin er ho uansett!! Ikkje sant??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar