Søk i denne bloggen

søndag 31. juli 2011

Vårt vesle mirakel!!

Måndag 18.Juli vart eg innlagd på observasjonsposten på kvinneklinikken med svangerskapsforgiftning. Ikkje akkurat den mest spanande plassen å vera, og dagen dreia seg mest om å få med seg alle måltida :) Tysdag starta dei med igangsetjing av fødselen, og det siste eg fekk beskjed om før eg la meg var at eg måtte belage meg på at det kunne ta 3-4 dagar. Noko kortare venting fekk eg ta som ein bonus. Me kan seie at eg fekk JACKPOT!!

Då eg vakna Onsdags morgon, litt etter klokka 7, synest eg at “vontane” mine kjendes litt annerledes ut enn det eg var vand med. Og ganske riktig, 4,5 time seinare hadde verdas vakraste jente kome til verda!!

Line

Line heiter ho, og var 3360g og 48cm lang

Heilt fersk!

Mor var ikkje like vakker, heller bleik og svart rundt augene etter eit ganske stort blodtap, men ikkje mindre stolt av nurket, og glad for at det endeleg var over!

Moreller på sjukehuset

Og logisk nok fekk eg MOReller av min kjære mann. Kva ellers kunne vel vore meir passande?

Line og pappaen Den stolte far!!

Line og eg i ammestolen 

Her er me nett komen heim frå sjukehuset

No kosar me oss heime, og nyt livet med ei lita sovedukke!!

fredag 29. juli 2011

Lenge sidan sist, ein liten oppdatering..

Eg har av naturlege årsaker ikkje blogga på ei stund, så eg tenkte eg skulle koma med ei lita oppdatering på alt det eg ikkje har fått tid til å skriva om.

I anledning Pappa sin 60års dag var Torhild, Trond, Lukas og Mathias heime på Sletten. Torhild hadde nett hatt bursdag sjølv, så no fekk eg overrakt gåva eg hadde sydd til ho. Det var altså ein håndkle-turban!

IMG_4222

Stilig? Oppskrifta fann eg på denne bloggen, House of Hopen.

På dagen til Pappa hadde me ein liten Photo-shoot i hagen, der magen…..

IMG_4229

…og salaten vart foreviga :) Ein kan seie det slik at me nærast druknar i salat!!

IMG_4225

På Sletten vart det etterkvart fult hus og stormande jubel!! Jubilanten fekk mykje gåver, og alle fekk MASSE god mat ifrå grillen. Det var Frode og Trond som var grillkongar for kvelden, og dei klarte oppgåva med glans!

IMG_4258 IMG_4244 IMG_4253 IMG_4254 IMG_4255

IMG_4234  

Dei fire små, som no har vorte store, (Åse, Torhild, Eli og eg) hadde laga eit potpuri til vår kjære far, som me framførte med både kostymer og rekvisita. Desverre hadde eg gløymd å dela ut kameraet mitt, så nokre bilete har eg ikkje fått skaffa endå. Men me far ganske så fjonge der me stod!

Det var ein kjempe kjekk kveld med fint vèr og godt selskap.

onsdag 13. juli 2011

Byggmester Bob bur på Øynæ!!

Igår var me ein tur på Øynæ i eit litt forseinka bursdagsbesøk til Svigerfar. Sidan Frode jobba i helga gjekk me glipp av den store festen som var Søndagen.

Etterpå reiste med ein tur oppom familien Fossmark, og det var der me fann Byggmester Bob, betre kjend som Jostein. Det er iallefall sikkert at eg har aldri sett ei flottare trehytte med meir spektakulære utsikta nokon sinne!! Ikkje rart både Jostein og ungane var stolte over verket!

 Trehytta sett nedanifrå Jostein alias Byggmester BobUtsikt frå trehytta

Eg kan ikkje anna enn å sei wow!! For ei utsikt!!! Ikkje alle som har slik utsikt frå leikeplassen. Det er kjempeflott å sjå osterfjorden bada i sol.

IMG_4196 IMG_4199 IMG_4202

Det er ikkje berre flotte trehytter dei har på Hjelvik, dei har og ei kjempetøff slengdisse, og ein flokk med kule høner :) Her vil me koma tilbake å leika ein annan gong!!

Takk for touren!!!

Breiflabb og brownies, og ein hamburger til dessert….

På Mandag var det breiflabb som stod på menyen, men akkurat korleis den skulle tilberedas var ikkje avgjort. Mangel på erfaring med dette stygge fiskeslaget førte oss, som så ofte før, til det store internettet. Der fann me oppskrift på ovnsbakt marinert breiflabb. Men som vanleg er ikkje slike oppskrifter til for å følgjast til punkt og prikke, så oppskrifta på det me lagde vart slik:

Marinade
2 delar olivenolje
1 del sitronsaft
2 fedd kvitlauk
ein god dasj finhakka persille
ein god dasj finhakka graslauk
godt med salt
pepper

IMG_4176

Marinaden var blanda saman og tømt oppi ein pose. Porsjonsstykker av breiflabben vart lagt oppi til marinaden, og vart liggjande der i ca 30min. I mellomtida vart grønnsaker etter ynskje og kjøleskapsinnhald kutta opp og lagt i ei eldfast form. Me hadde:

Grønnsaker
Asparges
Sopp
Paprika
Gulrot
Potet
Squash
Salt
PepperIMG_4175

Då fisken var ferdig marinert, havna den og marinaden oppå grønnsakene. Det heile vart steikt i omnen på 200grader i 20-30min. Retten vart toppa med sprøsteikt bacon og Lofoten fiskesaus…Det var kjempegodt, og Marit og Ingvild kom på besøk akkurat i tide til å få utvida mat-horrisonten sin. Dei var litt skeptiske til å begynne med, men det såg ut til at dei likte det.

Til dessert laga me brownies, og me koste oss til langt på kveld med brownies, vaniljeis, yatzy og andre terningspel.

Midt i ein yatzy-runde dukka mi kjære Malene opp på døra med ein Big-Mac hamburgar som ho hadde frakta med seg heim til ein gravid stakkar som har ynskja seg nettopp ein slik hamburgar i lengre tid!! Endå så mett eg var etter alt det andre me hadde ete, klarte det bunnlause sluket å få plass til ein burger til dessert :D Det viste seg dessutan at burgaren kom med vinnarlukka, for eg grusa dei andre i yatzy!! Men som alltid: Hovmod står for fall, så eg fekk nok min del av tap eg og…

Takk, søte nabo-jenter, for ein kjekk spelekveld!

 

tirsdag 5. juli 2011

Sol og sommar!!!

For ein fantastisk dag!! Det har vore knall sol frå skyfri himmel, og me har kosa oss ute på terassen.

IMG_4159 IMG_4164

Me har ete grove fletterundstykker til lunch, og høyrd på musikk frå den nye boomblasteren Frode fekk tak i på supersalg hjå Expert på Laurdag.

Rundstykkene har eg snike av lasset eg laga igår til Pappa sin 60års dag. Den er ikkje før den 16.Juli, men eg må baka når eg kan, og ikkje når eg vil :) Dei er i allefall kvalitetssikra av oss på førehand, slik at dei trygt kan serverast i besøket.

Då det begynte å lukte svidd flesk utanfor var det på tide å ta seg ein pause frå sola. Frode har lagt seg på sofaen for å kvila, for han skal jobba natt resten av veka. Eg har sydd litt, men kva det er kan eg verken seie eller visa før litt seinare, for det skal vera ei gåve!

No nærmar det seg middagstid, og me skal såklart grilla! Idag er det marinert flintsteik som står på menyen…mmmmm!!

mandag 4. juli 2011

Lange dagar med ny hobby..

Den siste veka har vore lang og lite innhaldsrik, då det meste av tida har gått med til den nye hobbyen min, døgnplanking. Det er jo så inn i tida med denne plankinga, som går ut på at ein skal bli tatt bilete av medan ein ligg strak ut med armane langs sida på dei merkelegaste stader. Etterpå skal bileta publiserast på sosiale nettverk. Eg har teke plankinga til eit nytt nivå, og har meir fokus på kor lenge eg kan liggja istadenfor kvar eg ligg. Detaljar som bilete og publisering heng ikkje eg meg opp i. Eg driv trass alt med planking på hobbybasis ;)

For å vera heilt alvorleg, så har ikkje ryggen vore heilt samarbeidsvillig den siste tida, noko som eg trur er eit resultat av MANGE, LANGE; STERKE kynnarar om nettene. Så eg har tilbrakt mykje tid på sofaen ilag med shaktimatta, og ein fantastisk rispose som eg varmar i mikroen.

Begge desse er med på å lindra ryggvondtane, slik at eg tilslutt får sova utpå morgonkvisten eingong. Eg satsar på at det ikkje held fram så mykje lenger, for eg er ganske lei av å vera så ubrukeleg.

IMG_4131

Forige helg var eg med i slåtten heime på Sletten, men det einaste eg kunne bidra med var å delta i yatzy, og koma med muntre tilrop frå hagestolen eg sat i.  Men eg har vore med, og eg har kjend lukta av nyslått gras!

Denne fredagen fann eg ikkje roen før klokka var vorte laurdags morgon, så etter å ha sove til langt på dag var det kjempe stas å få graut og is hjå våre kjære naboar. Ikkje akkurat freistande å begynne med matlaging etter ei lang våkenatt.

Men formen kom seg då utover dagen, så eg og Frode bestemte oss for å testa ut båten med ein tur over fjorden til hytta, der Mamma og Åse hadde vore sidan dagen før. Det viste seg at Pappa og var på farta, så han kom ned til oss og var med over i båten.

 Kapteinen matrosen den trøyte gallionsfiguren 

Overfarten gjekk kjempefint. Det var ganske lite bølger over fjorden, så det tok ikkje meir enn ca 25min over.

hyttefeltet

Slik ser hyttefeltet ut når ein kjem innover. Den finaste hytta av alle ligg øverst midt i biletet. Åse henta oss på brygga, for me hadde mykje med oss, og på vegen opp til hytta møtte me på brannvesenet i Masfjorden. Det viste seg at det hadde tatt fyr i ein transformator, så alle hyttene var utan straum. BKK var alt på plass, så det var berre å venta på at dei skulle ordna opp.

terassekos

Men me visste råd, og nytta ventetida til å spela pilkast og eta snop på terassen. Me måtte jo døyva sulten, for utan straum vart det ikkje mat. Eg vil berre nemna i ein bisetning at EG vann første runde!! HURRA :D

Då straumen kom att var det tid for mat, og den var vel verd å venta på. Det vart diska opp med kyllingfillet, svinefillet, ris og gratinerte grønnsaker. Til dessert fekk me jordbær, banan og nyplukka blåbær med fløyte på. mmmm!! Eg gjekk til sengs tidleg, medan dei andre sat oppe og spela yatzy. Frode var storfornøyd med å få yatzy to gongar i same runde, og banka svigermor frå Bloksberg ned i sokkane. Me har begynt å mistenkja at det er nettopp der ho kjem ifrå, for tidlegare på dagen fekk ho yatzy heile 5 gongar på dei åtte første kasta i ein runde!! Det skal ikkje gå an!!!

Me hadde ein fin tur på hytta, sjølv om det var heilgrått ute då me vakna på Søndag. Men fjorden var heilt blikkstille, så det var ikkje noko problem å koma seg heimatt.

Håpar det vert litt sommarvèr snart, slik at me kan få grilla litt i fjøra :)