Endeleg var det eit lite opphald i uvéret, slik at me kunne koma oss ut på ein liten tur i skogen!!
Me pakka Line i meisa, og tok med oss ei lita steikepanne, pannekakerøre, syltetøy og kakao og gjekk til ein fin liten bålplass i Vabømarka. Her er det tydeleg at det bur nokre ivrige skogs-brukarar, for fleire stader dukkar det plutseleg opp ein benk eller to, og kanskje ei lita grue.
Line har fått seg solbriller, og var såååå kul der ho sat på ryggen til Pappa.
Line koste seg med ei god bok medan Frode ordna eit flott pannekake-bål til oss.
Frode laga gode pannekaker til oss, og Bestå vart oppdatert på direkten om kor kjekt me hadde det.
Line fekk ikkje pannekaker, men ho var meir enn nøgd med ein litt knitrande pose og eit lite lokk ho kunne gnaga på.
Hadde vore alle tiders om me kunne fått mykje meir av slike flotte dagar i tida framover..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar