…..og meire fisk :) Men bilete av fangsten er det dårleg med.. Fiskaren er ikkje så flink å hugsa på fotoapparatet, så de lyt nok ta oss på ordet når det kjem til storleiken på fangsten ;)
Torsdag i forige veke kom mamma ned og passa Line medan eg fekk vera med å trekja garn. Det var faktisk første gongen eg har vore med sidan me flytta til Vabø. Det var kjempe kjekt, for me fekk ein del fisk, og ei stor raudspette :) Den kom opp med “magen” først, så det såg ut som det var noko kjempedigert som kom opp av havet!
Lita flyndre flat
Nedpå botnen sat
Spiste middagsmat
Av sitt vesle fat
Så kom Frode hen
og han fiska den
No står berre fatet tomt igjen!
Då me kom inn att, laga eg og mamma masse fiskekaker av ein del av fangsten etter mandagen før. Fiskekakene vert best når fisken har fått stå å renna av nokre dagar. Me må nesten få seie at me har blitt riktig så flinke til å lage fiskekaker. Dei vart knallgode!!
Igår var me og ute og trekte garn, men då var fangsten heller dårleg, men det var flott vårstemning på sjøen.
Me satsar på like fint vér i morgon, og ein mykje større fangst :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar