Søk i denne bloggen

tirsdag 20. mars 2012

8 månader!!

Herre min hatt så stor Line har blitt no!!

Line på småbarnstreff

No er ho ikkje lenger ein av babyane på småbarnstreff. No fer ho rundt og tek leikar ut av kassane og no må eg verkeleg passa på ho, for ho har nokre særs sterke klyper, så stakkars dei hårlokkane eller bollekinna som rotar seg bort i dei!!

Styrketrening Det er Timmy-Tid Propell i søvne

No leikar ho med manualar, ser på barne TV og søv rart!! Tidleg vaknar ho og :( No er ho klar for ein ny dag når klokka er seks, men det er ikkje me, så ho leikar i senga og me høyrer på musikk medan me held ho fast i foten slik at ho ikkje skal klatra ut på nattbordet. For det er det ho helst vil no! Ho skal plukke og kjenne og ikkje minst gnage på ALT! Ikkje rart med tanke på at ho til stadighet oppdagar ting ho ikkje har sett før. Slik er det vel når ein plutseleg kan forflytte seg på eigahand!

Tit tit! Kjem eg meg gjennom denne?

Det er så rart og så gøy å sjå Line forandre seg mykje frå dag til dag!

fredag 16. mars 2012

Tid for oppsummering!

Tida flyg ifrå oss, så det vert ikkje mykje tid til blogging. Spesielt ikkje no når laptopen har tatt kveld. Det er liksom så langt inn på kontoret til PCen som står der ;) Men det betyr ikkje at me ikkje gjer noko!

8.mars heiv me oss i bilen og sette kursen mot Hol! Det vil seie at me reiste etter at me hadde levert ein heller pjusk Tiger på Sletten. Tiger’n hadde fått ein diger byll på kinnet, så han fekk sprøyter hos dyrlegen, og ein hestekur med antibiotika med seg heim. I tillegg til den lekre kragen vel og merke! Men han såg ut til å takle det bra, og Baldrian (pusen på Sletten) var som vanleg ein smule pinglete, så han var nokså redd den merkelege skapningen som kom på besøk til han!

Sjuk Tiger!

Dette var då Line sin første “roadtrip”, så det måtte jo forevigast såklart!

Line på tur!

Ho var så snill som turen var lang, slik som ho alltid er! Ho sov store delar av vegen, så det vart ein sein kveld på ho. Været var ikkje mykje å skryte av. Det blåste ganske kraftig, og fjellovergangane var stengde, så det vart ikkje mykje utetid på oss. Men det gjorde ingenting, for me koste oss inne med gode vener og god mat, og Line hadde mange som ville leika med ho :)

Frode, Line og Lula Eg vil ha den ballen!

Søndagen måtte me reisa heim, for då var det ein opning i uvéret på fjellet. Eg vert som vanleg veldig inspirert i matvegen når me er hos Gro Anita og Espen, så då måtte det bakast brød!

5+ kornbrød :)

Det er utan tvil dei beste brøda eg har laga, så får me sjå neste gang om det var eit lykketreff eller om eg har knekt brødbakekoden :)

Ellers har me vore ute og fiska.

Kapteinen Matrosane ;)

og gått på tur til nyenaboen!!

Nyenaboen Meiser på tur!

No sprett huset opp i ein fart, så det er spanande å sjå frå dag til dag kva dei har gjort :)

søndag 4. mars 2012

Fisk, fisk, fisk……

…..og meire fisk :) Men bilete av fangsten er det dårleg med.. Fiskaren er ikkje så flink å hugsa på fotoapparatet, så de lyt nok ta oss på ordet når det kjem til storleiken på fangsten ;)

Torsdag i forige veke kom mamma ned og passa Line medan eg fekk vera med å trekja garn. Det var faktisk første gongen eg har vore med sidan me flytta til Vabø. Det var kjempe kjekt, for me fekk ein del fisk, og ei stor raudspette :) Den kom opp med “magen” først, så det såg ut som det var noko kjempedigert som kom opp av havet!

Raudspette

Lita flyndre flat
Nedpå botnen sat
Spiste middagsmat
Av sitt vesle fat
Så kom Frode hen 
og han fiska den
No står berre fatet tomt igjen!

Då me kom inn att, laga eg og mamma masse fiskekaker av ein del av fangsten etter mandagen før. Fiskekakene vert best når fisken har fått stå å renna av nokre dagar. Me må nesten få seie at me har blitt riktig så flinke til å lage fiskekaker. Dei vart knallgode!!

 

Igår var me og ute og trekte garn, men då var fangsten heller dårleg, men det var flott vårstemning på sjøen.

Sjefsfiskaren Morgonstemning

Me satsar på like fint vér i morgon, og ein mykje større fangst :)

Mammutsalg!!

Hurra for mammutsalg :)

Heile fem nye kokebøker i hus, og det til ein brøkdel av prisen dei eigentleg kostar!!!

IMG_5389 

Eg synest det er kjempe gøy å sjå og lese i kokebøker, så no har eg litt arbeid ei tid framover. Det er jo såklart gøy å lage mat frå kokebøker og, men det vert som oftast laga noko utifrå det ein har i skap og skuffer, så då er det kjekt å ha litt inspirasjons-lektyre slik at det ikkje vert den same maten kvar gong :)

Heimelaga pasta og vårrullar er to ting som står høgt på lista over ting eg har lyst å prøve meg på.

fredag 2. mars 2012

Vår i lufta :D

Endeleg var det eit lite opphald i uvéret, slik at me kunne koma oss ut på ein liten tur i skogen!!

Me pakka Line i meisa, og tok med oss ei lita steikepanne, pannekakerøre, syltetøy og kakao og gjekk til ein fin liten bålplass i Vabømarka. Her er det tydeleg at det bur nokre ivrige skogs-brukarar, for fleire stader dukkar det plutseleg opp ein benk eller to, og kanskje ei lita grue.

 too cool....

Line har fått seg solbriller, og var såååå kul der ho sat på ryggen til Pappa.

Line koste seg med ei god bok medan Frode ordna eit flott pannekake-bål til oss.

avslappa i skogen

Ein ekte villmarking

Frode laga gode pannekaker til oss, og Bestå vart oppdatert på direkten om kor kjekt me hadde det.

IMG_5370  

Line fekk ikkje pannekaker, men ho var meir enn nøgd med ein litt knitrande pose og eit lite lokk ho kunne gnaga på.

IMG_5363

Hadde vore alle tiders om me kunne fått mykje meir av slike flotte dagar i tida framover..