Søk i denne bloggen

fredag 16. desember 2011

Ei lita pappa-jente

Sportsinteresserte 

Her ligg pappen og lærer stakkars Line å bli sportsinteressert!! hehe.. Ho sit storaugd og ser på skiskyting ilag med pappen sin.. Ho synest det er morro å sjå på det som skjer på fjernsynet.

Smilande snuppa <3

Og Line er framleis like smilande og blid. Det er omtrent berre når ho er trøyt eller svolten at ho grin. Ellers preikar ho som ein foss!Stuck!

Ho gjev og beskjed om ho har rygga seg fast nokre stader. No fer ho så fort bakover, at rett som det er sit ho fast under salongbordet. OG så lenge ho berre får til å gå bakover, vert ho verande der til me fiskar ho ut att ;)

Trøyt 

Det krev mykje av ein liten kropp å liggje på golvet å rulle, sprelle, ta sit-ups og vifte med armar og bein, så då er det godt med ein kvil ilag med pappa

pappa-kos!

I love DAD!!

Årets julebakst!

Etter tidenes dårligaste julebakst i fjor, syntes eg at det måtte kompenserast i år.

Først ut var årets lussekattar, og sidan det er Lucia-dag berre ein gong i året, synest eg det er kjekt å bruka ordentlege ingrediensar. Det betyr jo då safran såklart! Verdas dyraste krydder, som i matbutikkane her i området kostar 100 kroner grammet!! Ikkje så rart igrunn med tanke på at ein må plukka støvberarane av minst 70000 safran krokusar… Fint at nokon vil ta den jobben!!

1g safran safran

Så spanta eg på litt ekte smør! I desse smørkrise tider har det blitt til at dei to pakkane med smør berre har blitt brukt der det har vore mest nødvendig :)

Deigen vart vertfall kjempe gul og fin, og lussekattane knallgode!!

 ekte smør!! gul og fin deig

Ellers har me laga brente mandlar. To gonger! For den første dosen forsvann på eit blunk… Utan tvil Frode sin julefavoritt :)

Tyske skiver med syltetøy er ein variant eg ikkje har laga før, men eg syntes dei var veldig gode.

Mandelflarn er dei einaste julekakene mamma har måtta gøyme unna frå gribbane, for dei er akkurat som karamell.. Vekk på eit blunk!

Krumkaker synest eg er best med is oppi! Ein jule-klassikar.

Maryland cookies er gode sjokoladekjeks

Og tilslutt pepperkaker. Nokre av dei fekk pinne, og andre fek hol til sløyfe. Eg laga nokre store hjerter som eg har pynta med melis og sølvkuler, og hengt opp i vindaugene. Litt enkel julestemning :)

brente mandlar Tyske skiver med syltetøy Mandelflarn Krumkaker Maryland cookies Pepperkaker

No er det berre om å få besøk slik at me slepp å ete alle kakene sjølv.. Skal ha plass til middag og trass alt!

God førjulstid :)

tirsdag 6. desember 2011

Kryp ho til jul?

Det er heilt utruleg å sjå kor fort Line utviklar nye ferdigheter. No har ho snudd seg frå rygg til mage omtrent før me har lagt ho ned på golvet, og ho er mykje meir interessert i leikar. Katten derimot bryr ho seg ikkje spesielt mykje om.. Katten er ikkje spesielt interessert i Line heller, men så er no han helst kjed for å vera ein snerpete gamal mann som ikkje er så begeistra for ungar ;)

IMG_4919 IMG_4913 

Line takkar heller ikkje nei til ein høglydt diskusjon utpå ettermiddagen. Denne helga har Frode jobba heile dagen, og når han då har kome heim litt over klokka sju om kvelden har dei sete i sofaen og prata og babla til kvarandre. Kjempe morosamt å sjå og høyre på!

Idag er Line omtrent 4 og ein halv månad, og idag løfta ho seg opp på knea for første gong. Det ser verkeleg ut som ho har tenkt å krype avgarde!!

 IMG_5064 

IMG_5063

Ho har og fått oppleva sin aller første snø idag :) Trur ikkje ho brydde seg så mykje om den, for ho slapp å gå og gli i den.. Ho fekk so vanleg på seg den deilige ulldressen sin og vart bore på sine laubær der me skulle. Akkurat som ho fortener!!

  IMG_5048

IMG_5049

Igår var me på julegåvehandling HEILE dagen med mormor og Beppa, og då viste ho seg jammen meg frå si aller beste side. Ho klaga ikkje i det heile!! Me vart sitjande fast i Åsane på grunn av enorm kø mot knarvik, og ho var like blid. Ho skravla som ein foss til alle som ville høyra på :D Kan tru mammo er kry av jenta si!!!