Søk i denne bloggen

onsdag 29. februar 2012

Ei lita kjøttmeis :)

Internettet er ein fin ting, for berre få dagar etter me bestilte bæremeis frå flust.no, kom den i posten. Den måtte såklart pakkast ut med ein gong, og Line syntes det var stor stas å sitje på ryggen.

Me måtte vente til søndag før me fekk prøva den ute i flott søndagssol. Eller det var i alle fall sol heilt fram til Line vakna og me kunne koma oss ut. Men det var slettes ikkje verst å koma seg ut ein liten tur ilag med Åse og Ingelina.

No må me legga oss i hardtrening, slik at me kjem oss opp til Klefjellhytta i sommar :)

mandag 20. februar 2012

Line 7 månader!!!

Finaste Line!

Tenk at vår aller finaste Line har blitt 7 månader. Tida flyg avgarde i turbofart, og det verkar ikkje som me får gjort noko i det heile, men Line derimot gjer noko nytt nesten kvar dag.

No når ho er 7månader kan ho sitje sjølv ei god stund, og ho har blitt så flink at no kan me snart gå på tur med bæremeis.

Ho kan sette seg opp på eiga hand i sofaen. Der er det litt lettare enn på golvet sidan det er så mjukt.

sit i sofaen

Line vert glad når det er masse gøy å leika med. Hjå Beppa er det masse ukjende leikar som må studerast nøye.

Eit hav av leikar

Line har fått to tenn, og synest det er heil i orden å pusse dei :)  Tannkrem smakar då så godt!

No har ho og begynt å “flirte” med fotografen ;)

Flirting eller berre litt uheldig?

Det er kjekt å sjå at ho får til meir og meir for kvar dag som går, det er iallefall sikkert at ho fer fortare og fortare over golvet kvar einaste dag. Ei lita mammajente har ho blitt og, så no kjem ho gjerne kravlande etter meg når eg fer rundt i huset. Jammen godt me ikkje har trapper!

søndag 19. februar 2012

Fastelaven!!!!

Gledeleg fastelaven alle saman!! Her i huset starta førebuinga av årets fastelavens"bollar" alt i går. Det var nemleg brioche som stod på menyen. Ein deig med masse egg og smør, heilt perfekt match med syltetøy og vaniljekrem!!

Åse, Eli og Viktoria kom ned til oss og åt middag, som var sjølvfanga fisk i fløytesaus, og fastelavensbrioche til dessert... Jammen var det godt altså!!

Line fann det og for godt å krype medan alle såg på.. Viktig med fult fokus frå alle når ho skal gjera nye triks :) Dessverre var det så kortvarig at me ikkje fekk tid til å forevige hendinga... Og det er ikkje berre krypinga som var nytt i dag.. Faktisk har ho og tissa på potte for første gang. Såg nesten ut som om ho forstod at det var stas, for ho gliste så fint før ho fylte potta.. #stolt mamma#

No er det strak ut på sofaen med ein kopp te og nyte resten av søndagen i ro og mak..

lørdag 18. februar 2012

Tenner i sikte!!

De kan ikkje sjå da, men no har tennene komt ut!!! To små skarpe kantar som openbara seg Torsdag 16.Februar :)

tirsdag 14. februar 2012

Tirsdagstur til Beppa!!

Idag har me vore på besøk hos Beppa, noko me prøver å vera kvar Tysdag etter småbarnstreffet.

Idag var det, som det ofte er på Tysdagar, fisk på menyen. Tom synest det er eit perfekt middagsval, så han tuslar rundt og pratar, og prøver å opne skapet som inneheld Tomen sitt høgst personlege fiskefat :) Tilslutt er maten klar, og Tom gumlar i seg før han legg seg mett og glad i stolen sin og sovnar.......

Eg fekk og fisk altså!! Brosme med potet, gulrot og kvitsos. Mmmm!! Det er så godt med fisk :)

Line måtte og ha seg ein dupp, for det har ho ikkje tid til lenger når me er på småbarnstreff. No vil ho heller leika, eta og synga.. Og med Beppa vil ho dansa, le og sjå på alle fuglane ute i treet. Idag var det faktisk ein diger ørn som sirkla over huset, men han syns nok meisebollar var litt for mager kost, for han tok seg ikkje tid til å stansa på fuglebrettet ;)

Tirsdagen er utan tvil vekas høgdepunkt for oss

lørdag 4. februar 2012

Ut på tur!!!

Hurra!!! Me er på skøytetur :) kjempe gøy!!!!

torsdag 2. februar 2012

Verdens snillaste post-dame :)

Eg er ganske sikker på at det ikkje er så mange andre postdamer som strikkar gensar, hue og to par sokkar og legg i postkassen, men det har altså Tante Tone gjort... Frode kom heilt øvegøven tilbake med posten, og ein pose med kjempefine strikkeklede! Det er heilt sikkert at tanta mi er det næraste ein kjem ei sprell levande strikkemaskin!!!

Me skulle eigentleg på 6mnd kontroll idag, men det vart utsatt til neste fredag, så me får heller kosa oss heima og ta livet med ro idag og. Me skal laga fiskepinnar til middag idag av fisken Frode fiska hin dagen. Men det spørs om han vil ha, for han er på kurs på hotellet på Lindås så eg vil tru det vankar litt mat på han der :)

Er ikkje Line fin i dei nye kleda sine?!?!